Rune Kloster Tvedt sluttar som rådmann i Sauda for å bli kommunedirektør i Hå kommune.
Rune Kloster Tvedt sluttar som rådmann i Sauda for å bli kommunedirektør i Hå kommune.

Går frå industrikommune til jordbrukskommune

Rune Kloster Tvedt har tre månader igjen som rådmann i Sauda. Han håper å få med seg Skaulen og Kyrkjenuten før han begynner i tilsvarande stilling i Hå kommune.

Publisert Sist oppdatert

Det er nøyaktig fem år sidan Rune Kloster Tvedt hadde sin første arbeidsdag som rådmann i Sauda kommune. Da innbyggarane i Sauda fekk bli litt kjent med han gjennom eit portrettintervju i Ryfylke, valde han Brynes Konditori da journalisten spurde kor intervjuet skulle skje.

Då den same journalisten spurde kor han ville ha ”avskjedsintervjuet”, blei det Brynes Konditori igjen.

– Kvifor jobbskifte til Hå kommune?

– Helst vil eg vere rådmann både i Sauda og i Hå. Eg stortrivst i rolla i Sauda. Det er rett og slett kjempebra. At eg skiftar jobb dreier seg om å få prøve seg og det å få nye utfordringar.

Rune Kloster Tvedt har vekependla til huset sitt i Stavanger i fem år. Hå kommune ligg 40 kilometer sør for Stavanger.

– Er avstanden ein faktor her?

– Det er todelt. Eg vil dagpendle til Hå. På den måten blir det mykje meir reising enn kva eg gjer i dag. Det handlar meir om at eg har lyst å prøve meg. Hå kommune har over 19 000 innbyggarar. Det er ein større kommune. Så er det slik at stillingar blir lyst ut når dei blir ledige. Den mulegheita vil ikkje ligge og vente på meg.

To svært ulike kommunar

Hå kommune er svært forskjellig frå industrikommunen Sauda, der det meste er samla på éin plass. Hå er ein utprega jordbrukskommune der halvparten av arealet er jordbruksrelatert. Det er Norges største husdyrkommune. Industrien der er næringsmiddelrelatert, der Nortura og Fjordland er kjente aktørar.

– I tillegg er kommunen delt opp i fleire grender. Det er ein kommune som har langt mindre inntekter enn Sauda kommune målt per innbyggar, opplyser han.

Overraska over kraftpengebruken

Akkurat Sauda kommunes inntekter og korleis desse inntektene blir brukt er det som har overraska han mest etter at han begynte i jobben som rådmann i Sauda.

– Saudabuar er vennlege og hyggelege menneske som har det litt for godt med seg sjølve og sine venner. Alle pengane i Sauda kommune blir brukt opp her og nå, i staden for å utvikle Sauda. Pengane blir brukt på det gode liv og ikkje investert for å løfte Sauda om fem eller ti år. For saudabuar er det sjølvsagt å vere ein meirinntektskommune.

Rådmann Kloster Tvedt har i fleire år argumentert for at ein god del av kraftinntektene til Sauda må bli investert for framtida, og at det må ein større omstillingsprosess til.

– Eg har veldig tru på omstillingsprosjektet Sauda 2025. Sauda har så mange mulegheiter, men ein må omstille seg nå mens ein har råd til å gjere det. Kraftinntektene er under angrep heile tida.

Angrar ikkje på ”silkeføre”

Etter eit godt inntektsår opplyste Rune Kloster Tvedt at det var ”silkeføre” i Sauda kommune da han la fram eit nytt budsjettforslag hausten 2019. Året etter smalt det økonomisk og Kloster Tvedt måtte i ettertid tåle nokre halvspydige kommentarar. Han angrar likevel ikkje på begrepsbruken.

– Viss Sauda verkeleg vil så kan ein ha silkeføre nesten heile tida. Me har gode kraftinntekter, men viss desse skal brukast opp heile tida så merkar ein det med ein gong det kjem ein liten hump i vegen. Det er muleg å gjere noko med det slik at ein ikkje merkar humpane.

Har trua på rådhuset

Dei siste månadane har han i to omgangar måtte informere lokalpolitikarane at oppussinga av rådhuset blir mange millionar kroner dyrare enn kva han først signaliserte. Han har likevel tru på at det er vel investerte pengar.

– Eg trur det blir enormt bra for Sauda å få rådhuset på plass med ny kino og foaje, og med nye og betre arbeidsvilkår. Da kan ein også ha mindre konferansar der.

Kloster Tvedt er veldig glad for at Sauda dei siste åra har fått på plass eit kloakkrenseanlegg, eit avvik Sauda kommune har hatt i svært mange år.

– Folkets Hus er også på plass. Det er så bra, og det ligg ein imponerande dugnadsinnsats bak.

Ser mulegheiter i Svandal

Han er også glad for at det pågår store prosessar i Svandal, med områdeplan og gondolbaneplanar.

– Ein gondolbane som løftar basestasjonen opp trur eg er heilt nødvendig. Det ligg eit kjempepotensial i Svandal. Det kan bli enormt bra.

Rune Kloster Tvedt legg ikkje skjul på at han vil sakne fjella i Sauda. Nå skal han bli kommuneadministrasjonens øverste leiar i ein kommune som i praksis er utan fjell.

– Det er to mål eg ikkje har oppnådd i Sauda, det er Skaulen og Kyrkjenuten. Eg har ein sommar foran meg i Sauda. Eg må sjå om eg får det til.

Powered by Labrador CMS