Det ligg ikke så mykje mystikk i gravinga på Hovlandgarden.
Det ligg ikke så mykje mystikk i gravinga på Hovlandgarden.

Gravemysteriet hadde ei enkel forklaring

Fleire saudabuar har kontakta Ryfylke og undra seg over kvifor det blir gjort graving på jordet nærmast vegen på Hovland.

Publisert Sist oppdatert

Gravearbeid på eit jorde som tilhøyrer Hovlandgarden har fanga interessa til mange saudabuar dei siste månadene. Det er gjort graving i ein bratt del av jordet, og det har versert meir enn ein teori om kva dette kan vere for slags mystisk gravearbeid som pågår.

Mest fantasifullt er kanskje teorien om at det er Etnetunnelen som i all beskjedenheit er påbegynt. Andre har spurt om det pågår noko form for utgraving av arkeologisk karakter. Nokon har undra seg om det er husbygging på gang i grasbakken.

Ryfylke har kontakta grunneigar Ole Håkon Hovland, som kan avkrefte alle dei overnemnte teoriar. Fasit er så enkel som den kan få blitt.

– Det er faktisk ikkje noko meir spennande enn at vi grev ut og flytter litt masse, slik at slåtten blir enklare på arealet, seier han, og legg til at han har registrert at det er noko nysgjerrighet rundt gravinga. Han fekk også eit sprekt forslag av ein bekjent om ein solid aprilspøk.

– Forslaget gjekk på å sette opp stort skilt ved sidan av der vi grev, der det skulle stå ”Etnetunnelen – arbeidet har starta”. Men vi var dessverre ein dag for seint ute, fortel ein lattermild Ole Håkon Hovland.

Powered by Labrador CMS