Det var smekkfullt hus då Saudadagane hadde saudakveld» i 2013, med blant andre Reidar Brendeland, Bjørn Eidsvåg, Vigdis Eidsvåg og Grete Svensen på scena. Nå blir billettane til neste års festival selt i rasande fart.
Det var smekkfullt hus då Saudadagane hadde saudakveld» i 2013, med blant andre Reidar Brendeland, Bjørn Eidsvåg, Vigdis Eidsvåg og Grete Svensen på scena. Nå blir billettane til neste års festival selt i rasande fart.

Halvparten av earlybird-billettane selt: – Kan bli heilt utselt

Bjørn Eidsvåg har ei særleg høg stjerne i Sauda. Showet hans med Bjarte Tjøstheim blei raskt utselt. Nå blir også earlybird-billettane til Saudadagane rive bort.

Publisert Sist oppdatert

– Det er utruleg oppløftande for oss å sjå at artistane vi har fått til neste års Saudadagane, har treft bra hos saudabuen. Då vi hadde saudakveld» med lokale artistar i tidlegare utgåver av festivalen, blei det utselt. Det er ikkje umuleg at det kan skje igjen, seier festivalsjef Karina Fiveland til Ryfylke.

Som tidlegare år, har Saudadagane lagt ut eit avgrensa tal billettar til redusert pris som gir tilgang til både fredagens og laurdagens konsertar i nausthallen. Desse billettane blei lagt ut onsdag kveld, samtidig som det blei gjort kjent at det blir ein ny saudakveld» der Bjørn Eidsvåg er heidersartisten.

– Alt nå har omlag halvparten av desse earlybird-billettane blitt selt. Vi veit at saudabuen er glade i å kjøpe billett i døra, men i dette tilfellet er eg ikkje sikker på at det er så lurt å ta sjansen på å vente, seier Fiveland.

Saudadagane ønsker ikkje å gå ut med nøyaktige tal for selte billettar.

– Eg trur det var ein del som hadde lyst å sjå konserten med Bjarte og Bjørn på laurdag, men som venta for lenge med å kjøpe billett. Det kan nok vere lurt å vere tidleg ute også til konsertane under Saudadagane, ser det ut til. I alle fall om ein vil sikre seg earlybird-billett, seier Fiveland.

Alle artistane som kjem til Saudadagane finn du idenne artikkelen.

Powered by Labrador CMS