Har funne løysinga: Ta kontakt viss problem med innlogging
Så langt denne veka har Ryfylke hjelpt rundt 100 abonnentar som ikkje klarte å logge seg inn etter Ryfylkes systembytte. Ta kontakt ved behov.
I forrige veke gjennomførte avisa Ryfylke eit stort systembytte og gjekk over til nye leverandørar. Det betydde også at alle abonnementskontoar og kundelister måtte flyttast fysisk over på nye serverar. All programvare og leverandørar når det gjeld innlogging har blitt skifta. Det same gjeld nettsideleverandøren, app-leverandøren, annonsesystemet, fakturaløysingar, datasikkerheitssystem og digitale publiseringsløysingar. Alt innhald på våre nettsider har også blitt fysisk flytta. Her snakkar me om fleire tusen nettsideartiklar. Dessverre førte denne overføringa til at alle våre tidlegare dødsannonsar på nett gjekk tapt. Kun nye ligg tilgjengeleg på nett.
Det nye innloggingssystemet til Ryfylke har andre tekniske løysingar enn det gamle. Svært mange abonnentar har kunne logga seg rett inn i det nye systemet, dersom dei hugsa innloggingsinformasjonen sin. Men det nye systemet aksepterer ikkje abonnementsnummer som innlogging. Kun mobilnummer eller epostadresse. Da var det ein del abonnentar som skulle prøve å hugse om det var ektefellens mobilnummer eller epostadresse som var registrert i abonnementet, eller om det var si eiga nåverande epostadresse, eller epostadressa i den forrige jobben som blei brukt. Viss den øvelsen skar seg hamna abonnenten i ein evigvarande innloggings-loop.
Viss to epostadressar var registrert, krasja også systemet. Det same skjedde dersom ei epostadresse var registrert på to forskjellige abonnement.
Avisa Ryfylke har fått sett opp eit IT-system som klarer å synkronisere innloggingsinformasjonen til abonnentane. Dette må Ryfylke gjere på to forskjellige stader i systema, og jobben må gjerast manuelt. To tilsette i Ryfylke har klart å få rundt 100 abonnentar tilbake i normalt digitalt gjenge denne veka. Truleg er det fleire abonnentar som ennå ikkje klarer å logge seg inn, men Ryfylke er avhengig av å få vite kven dette gjeld. Ta derfor kontakt med avisa Ryfylke dersom du framleis ikkje klarer å logge deg inn bak betalingsmuren på nettsidene, eller i Ryfylke sin nye app.
Dersom du har eit Ryfylke-abonnement, men aldri brydd deg med å ordne digital innlogging, anbefaler me at du gjer det. Kvar dag heile veka publiserer Ryfylke nyheitssaker, lesarbrev og innsendt stoff og bilder frå ulike lag og organisasjonar. Er du ikkje vane med å vere digital brukar, men likevel har ein smarttelefon eller eit nettbrett, er det ikkje vanskeleg å bruke Ryfylke sin app. Med eit enkelt trykk kan du lese daglege nyheitsoppdateringar.
Etter at Ryfylke gjekk over frå to til éi papiravisa i veka har det blitt enda viktigare å ha digital tilgang. For særleg rundt høgtider får ikkje Ryfylke gitt ut avis éin gong per veke på grunn av helligdagar. Trykkeri- og distribusjonsapparatet til Ryfylke har stengt. Dette vil du som papiravislesar oppleve nå i jula. Siste papiravis kjem ut torsdag 18. desember. Først torsdag 8. januar kan me gi ut neste papiravis. Ordne deg digital innlogging, så kan du halde deg oppdatert på nettsidene til Ryfylke gjennom heile julehøgtida. Ta kontakt så skal dei tilsette i Ryfylke hjelpe deg, men flott viss du kan prioritere det før 18. desember.
Avisa Ryfylke minner samtidig om at eit Ryfylke-abonnement gjeld for éin husstand. Passord skal ikkje delast med andre husstandar. Dette systemskiftet kan derfor vere ein god anledning til å ordne deg ditt eige abonnement. Du vil bli tatt imot med eit takk! Ryfylke er avhengig av betalande abonnentar for å overleve som lokalavis.
Dei tilsette ønsker å rette ein stor takk til alle abonnentane som har opplevd innloggingsproblem og som har vore tålmodige mens tilsette, saman med Ryfylke sine leverandørar, har prøvd å løysa problema.