Det er oppdaga koronasmitte hos ein elev ved Sauda ungdomskule. No er heile 9. trinn ved skulen sett i karantene. Foto: Andreas Isaksen.
Heile 9. trinn i karantene
”Det er avdekka at det kan vere fleire indekspasientar, uavhengig av den første smitta. Dette er på grunn av at smittesporingsteamet i Sauda ikkje er blitt varsla frå ein annan kommune om dette, i henhold til nye reglar frå styresmaktene”, skriv Sauda kommune på sine heimesider.
Etter det Ryfylke kjenner til, har elevar frå 9. trinn på Sauda ungdomsskule vore på konfirmasjonsleir denne helga, og det er i samband med denne samlinga at smittesporingsarbeidet er utvida i løpet av søndagen. Kommunen har via tekstmelding gitt elevar i det aktuelle trinnet beskjed om å gå i karantene. For to av klassane gjeld karantenen måndag og tysdag, mens for ein klasse blir det karantene heile den kommande veka.
Kommuneoverlege Knut A. Omdal seier til Ryfylke at det blir jobba på spreng for å spore og avgrense smitte.
Rektor ved Sauda ungdomsskule, Lars Terje Sandvik, stadfester at heile niande trinn er sett i karantene, og han fortel vidare at det har vore ein god kommunikasjon med kommuneleiinga om situasjonen som har oppstått.
– Vi har fått informert alle foreldre til elevar på skulen, og foreldre på niande trinn har fått SMS med instruksjonar for dei kommande dagane, seier han.
Sandvik opplyser vidare at eit stort fleirtal av elevane ved 9. trinn var på konfirmasjonsleiren denne helga. Alt i alt går det 62 elevar på trinnet.
Sauda kommune oppfordrar no alle saudabuar til å vere ekstra på vakt med tanke på både smittevern og med tanke på symptom på Covid-19-sjukdom.