Det vart produsert 157,2 terawattimar (TWh) straum i Norge i 2024. Det er ein auke på 2,1 prosent samanlikna med året før.
Samtidig er det litt over den førre produksjonsrekorden frå 2021, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Vasskrafta stod for rundt 89 prosent av den samla straumproduksjonen i 2024. Det var særleg vasskrafta som bidrog til å heve den totale produksjonen av straum samanlikna med året før, seier seniorrådgivar Thomas Aanensen i Statistisk sentralbyrå.
Til saman 140 TWh elektrisitet kom frå vasskraftverka. I tillegg auka vindkraftproduksjonen med 4,2 prosent frå 2023, til 14,5 TWh. Varmekraftproduksjonen fall med 7 prosent, men solkraftproduksjonen auka noko. Samtidig utgjer solkrafta berre 0,2 prosent av den totale energiproduksjonen.
Norge eksporterte 33,1 TWh straum i 2024 og importerte 14,7 TWh
– Forutan i 2019, då det var ein liten samla nettoimport av elektrisitet, har det vore nettoeksport i alle år sidan 2010. Aller høgast nettoeksport var det i 2020, seier Aanensen.
(NPK)