For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Salet av fersk fisk har gått nedover den siste tida.
Salet av fersk fisk har gått nedover den siste tida.

Høge prisar trugar salet av fersk fisk

Publisert Sist oppdatert
Matvareprisane aukar stadig, og nokre av varene som har auka mest i pris er fersk fisk og kjøtt. Det har ført til konsekvensar for salet av fisk, skriv NRK Nordland.

Tal frå Norgesgruppen viser at salet av sjømat har falle 13 prosent hittil i år, men det er nedgangen i salet av rein fisk som gir størst utslag, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen til NRK.

Nordmenn erstattar lakse- og aurefileten med meir prosesserte fiskeprodukt som fiskekaker- og pudding. Slike produkt har selt 20 prosent meir i same tidsperioden, medan fersk fisk har gått ned kring 25 prosent, ifølgje Norgesgruppen.

Dei same tendensane kjem fram både hjå Coop og Noregs sjømatråd. Høgare pris gir lågare sal.

– Samstundes ser vi at frosne laksefiletar har hatt ein liten prisnedgang, og ein auke i salet på over 20 prosent, påpeiker Eivind Hestvik Brækkan, sjømatanalytikar i Sjømatrådet.

Det er likevel utfordrande å seie noko om nedgangen i salet vil få store konsekvensar for norsk sjømatnæring.

Powered by Labrador CMS