Hogståret 2022: God granhogst, toppår for furu i Sauda
Den lokale hogsten var verd rundt 2,6 millionar kroner i 2022.
Det blei hogt like i underkant av 5 000 kubikkmeter skog for sal i Sauda i 2022 viser nyleg publiserte tal frå Statistisk sentralbyrå. Ein må tilbake til 2019 for å finna større hogstvolum, går det fram av statistikken.
Hogsten fordeler seg på drygt 3 000 kubikkmeter gran og i overkant av 1 900 kubikkmeter furu. Til samanlikning blei det hogd 7 100 kubikkmeter gran og 900 kubikkmeter furu i Suldal og over 20 000 kubikkmeter gran og 1 600 kubikkmeter furu i Vindafjord i fjor.
Basert på gjennomsnittlege prisar for dei ulike sortimenta i 2022, tilsvarer hogsten i Sauda ein verdi på godt og vel 2,6 millionar kroner.
2014 toppår lokalt
I SSB sin dataserie, som går tilbake til 1996, står 2014 som året då det samla sett blei hogd desidert mest skog i Sauda. Det året blei det ifølge SSB lagt ned nær 13 000 kubikkmeter gran og drygt 700 kubikkmeter furu.
Både for gran og furu varierer hogstvolumet lokalt stort frå år til år.
2022-hogsten av gran står for det fjerde største volumet for dette treslaget sidan 1996, slått av 2014, 2013 og 2019, begge dei siste med i overkant av 6 000 hogde kubikkmeter.
For furu må ein heilt tilbake til 1996 for å finna tilsvarande volum som i 2022, då med 1971 kubikkmeter mot 1920 i fjor.
Det blir sjeldan rapportert inn hogst av lauvtre i Sauda, og då i heller moderate volum.
På landsbasis blei det i 2022 hogd 11,5 millionar kubikkmeter skog for sal.
Hogstvolum i Sauda/kubikkmeter
| Gran | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
| Skurtømmer | 44 | 2 660 | 466 | 1 226 | 1 987 |
| Sams skurtømmer og massevirke | 119 | 1 868 | 0 | 4 | 313 |
| Massevirke | 81 | 1 724 | 331 | 465 | 726 |
| Totalt | 244 | 6 252 | 797 | 1 695 | 3 026 |
| Furu | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
| Spesialtømmer | 0 | 0 | 0 | 0 | 107 |
| Skurtømmer | 0 | 960 | 0 | 97 | 1 253 |
| Sams skurtømmer og massevirke | 0 | 51 | 0 | 0 | 72 |
| Massevirke | 23 | 382 | 40 | 61 | 488 |
| Totalt | 23 | 1 393 | 40 | 158 | 1 920 |