Utval for areal, næring og kultur vedtok tysdag utvida bandtvang for hundar i Sauda, men sendte saka til kommunestyret for endeleg handsaming. No ber politikar Janne Eikevik kommunestyret vurdere ei alternativ løysing.
NPK
Hunden får ikkje sommarferie frå bandtvang
– Det er viktig at alle hundehaldarar følgjer reglane og tek ansvar for hundane sine slik at det kan bli ein fin sommar for hundar, vilt og beitedyr, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad i ei pressemelding.
Bandtvangen gjeld for alle hundar. I bandtvangstida skal hunden anten gå i band eller vere forsvarleg inngjerda. Det er ikkje tilstrekkeleg å la hunden gå ved fot sjølv om han er aldri så lydig.
I kommunar som har mange husdyr på utmarksbeite, kan kommunane innføre bandtvang som skal verne beitedyr etter 20. august òg. Det er derfor lurt å sjekke kva reglar som gjeld i den kommunen du skal besøkje. Du kan finne informasjon hos kommunane og på nettstaden Lovdata under lokale forskrifter.
Hundar som jagar husdyr, tamrein eller vilt, kan gjere skade sjølv om dei ikkje bit. Jaging kan føre til utmatting og heteslag for dyret som blir jaga. Somme dyr spring på sjøen eller utfor bratte skrentar. Når beitedyr blir jaga kan det også risikere at avkommet kjem bort frå mora si.