For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

10. januar er det igjen tid for testinga av det nasjonale varslingssystemet til mobiltelefonar i heile landet onsdag.
10. januar er det igjen tid for testinga av det nasjonale varslingssystemet til mobiltelefonar i heile landet onsdag.

I dag skal alle mobilar ule og vibrere igjen

Publisert Sist oppdatert

Varslingsprøva 10. januar blir gjord over heile landet, rundt klokka 12. Då testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet Viktig melding – søk informasjon». Samtidig sender politiet ut test av nødvarsel på mobil, skriv Direktoratet for samfunnsberedskap (DSB) på nettsidene sine .

Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.

Dette er andre gong at nødvarsel på mobil blir testa. Første gongen var i juni i fjor. Den gong var det fleire som ikkje fekk varselet.

– Mange av dei som ikkje fekk nødvarsel sist, hadde ikkje oppdaterte telefonar. Vi minner derfor spesielt om at for å kunne få nødvarsel på rett måte, så må du ha ein nyleg oppdatert mobiltelefon, seier direktør Elisabeth Aarsæther i DSB.

For å unngå varselet må du slå av telefonen eller setje han i flymodus frå klokka 11.55 til 12.15 same dag.

(NPK)

Powered by Labrador CMS