Pandemien har ført til varige endringar i arbeidslivet. Ifølgje FHI har ikkje auka bruk av heimekontor påverka alkoholkonsumet blant norske arbeidstakarar flest.
NPK
Ikkje auka alkoholbruk grunna heimekontor
– Spørjeundersøkinga har følgt same personar over tid og viste at forskjellen var rimeleg stabil både før, under og etter pandemien. Det vart altså ikkje påvist noko samanheng mellom endringar i heimekontorbruk over tid, og alkoholbruk, seier Inger Synnøve Moan, forskar ved
Folkehelseinstituttet.
Dei nye arbeidsvanane kan likevel kjennast utfordrande for arbeidstakarar som i utgangspunktet har eit problematisk forhold til alkohol. I rapporten kjem det fram at bruk av heimekontor under pandemien hadde hatt ein innverknad på deira alkoholbruk.
– For den sårbare gruppa har ny struktur og mangel på sosial kontroll i arbeidskvardagen ført til auka alkoholbruk under pandemien. Mindre samvær med kollegaer, familie og vener, og auka tilgjengelegheit til alkohol heime vart peika på som utløysande faktorar, seier Moan.
Undersøkinga viser også at det frå før til under pandemien var ein auke på 2 prosentpoeng i andelen arbeidstakarar som rapporterte såkalla høgkonsumsituasjonar månadleg eller oftare. Ifølgje Moan skuldast ikkje dette bruk av heimekontor.
– Auken var tilnærma lik for arbeidstakarar med og utan bruk av heimekontor, og ettersom vi veit at faktorar utanfor arbeidslivet spelar ei stor rolle, må det sjåast i samanheng med den totale livssituasjonen. Auken kan difor ikkje skuldast bruk av heimekontor åleine, konkluderer Moan.