Jentene fekk lyst til å gjere noko for Ukraina
Venninnegjengen selde vafler og saft og fekk inn nesten 1 000 kroner.
Torsdag hadde denne blide gjengen stilt seg opp med salsboden sin på Øyaflåt, der dei selde vaflar, saft og kjeks til inntekt for Ukraina. Dei fire jentene er frå venstre Maja Solbrekk Olsen (9 år), Lilja Weiseth Ljung (9 år), Aurora Jørgensen (8 år) og Leonor Kalvik Tollefsen (10 år).
– Jentene hadde tenkt ei stund på kva dei skulle gjera for å hjelpa Ukraina, og så fekk dei ideen til dette på veg heim frå skulen denne dagen, opplyser Siv Helene Weiseth, mor til Lilja.
Annonse
Då kassen» blei talt opp, viste det seg at jentene hadde fått inn 977 kroner, pengar som nå er sendt til Sauda Røde Kors, prosjekt Ukraina.