Jenter som lodda ut ei trollkjerring
1990-versjonen av Linn Mari og Kirsti Anette lodda ut bokkort, lysestakar, lys og eit knusemenneske».
På 1980- og 1990-talet var det svært populært blant saudabarn å samla inn pengar til Redd Barna. Etter aksjonen» fekk ein diplom og bilde i avisa. Desse to jentene, Linn Mari Hårajuvet og Kirsti Anette Tomassen hadde hausten 1990 lodda ut bokkort som dei hadde laga, lysestakar, lys og greier dei hadde fått». I tillegg kunne dei fortella at dei også hadde lodda ut eit knusemenneske». For dei som ikkje veit kva eit knusemenneske er, så skal det visstnok vera ei trollkjerring. Basaren til jentene gjekk føre seg på Neset og resultatet blei 145 kroner til Redd Barna.