Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dei nye kommunegrensene til Ålesund og Haram kommune trer i kraft frå 1. januar 2024.
Dei nye kommunegrensene til Ålesund og Haram kommune trer i kraft frå 1. januar 2024.

Jobbar på spreng med nytt Noregskart

Publisert Sist oppdatert
Frå 1. januar vert tre fylke til sju nye, i tillegg skal ein kommune bli delt i to. På Kartverket jobbar dei på spreng med å lage nye kart før endringane trer i kraft.

– No driv vi ganske utstrakt testing og kontroll for å vere heilt sikre på at alle endringane er akkurat slik dei skal vere. Men eg har god tru på at vi kjem i mål, seier prosjektleiar hos Kartverket, Kristin Schnell Rolfsøn.

Frå nyåret er det 15 fylke i Noreg. Viken fylke blir Østfold, Buskerud og Akershus, Vestfold og Telemark fylke går tilbake til å vere Vestfold fylke og Telemark fylke, og Troms og Finnmark vert delt i to nye fylker.

I tillegg vert Ålesund kommune delt opp i Ålesund og Haram kommunar.

Å setje nye fylkes- og kommunegrenser inneber mellom anna 50 millionar endringar i eigedomsregisteret og i grunnboka. Dette er informasjon som mellom anna er viktig for Posten, Skatteetaten, kommunane og Statens vegvesen.

(NPK)

Powered by Labrador CMS