For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Open eld kan vere ein ekstra risiko.
Open eld kan vere ein ekstra risiko.

Jula er høgtid for brannskader

Publisert Sist oppdatert
– Årets julemånad blir nok dessverre ikkje annleis enn tidlegare år, seier Christer Kjørsvik, kommunikasjonssjef i Tryg forsikring, i ei pressemelding.

Bruk av open eld er den største årsaka til dødsbrannar. Dei fleste brannar skjer om vinteren, og mange i desember.

Han anbefaler å alltid tenkje branntryggleik.

– Sjekk at røykvarslarane fungerer, og at sløkkjeutstyret er tilgjengeleg om uhellet skulle vere ute. Aldri la stearinlys brenne utan tilsyn og hald levande lys langt unna juledekorasjonar. Ikkje forlat komfyren dersom kjelen kokar, rår Kjørsvik.

Tørrkoking er også ei vanleg årsak til branntilløp, ifølgje Øystein Øren, brannekspert i Frende forsikring,

70 prosent forlèt maten medan den står og putrar for seg sjølv, kjem det fram i ei undersøking Norstat har gjort for forsikringsselskapet.

– Mange tenkjer at ein har kontroll, men så tar julestresset deg. Det skjer fortare enn ein skulle tru, det viser skadestatistikken, seier Øren.

Powered by Labrador CMS