Klima- og miljøministeren roser Sauda
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide er imponert over at smelteverket i Sauda viser veg for prosessindustrien i det grøne skiftet.
Eramet-konsernet har gitt klarsignal for ei 400-millionar kroners utbygging som skal sikre energigjenvinning ved smelteverket i Sauda. Men i klarsignalet frå dei franske eigarane låg det ei forventning om at Enova var med og tok ein vesentleg del av rekninga. I går kom beskjeden om at Enova går inn med 132 millionar kroner av dei totalt over 400 millionar kronene investeringa vil koste.
Dette betyr at det aller meste av ovnsgassen, som til nå har blitt fakla over fabrikktaket, vil bli brukt til kraftproduksjon gjennom gjenvinning. Det betyr også at smelteverket i Sauda sikrar seg for framtida gjennom å oppfylle miljøkrav som prosessindustrien garantert vil bli pålagd ein dag.
– Dette er ein stor dag for Eramet og Sauda, kunne ein glad strategi- og kommunikasjonsdirektør Kåre Bjarte Bjelland slå fast under pressekonferansen på smelteverket torsdag.
Ministeren gratulerte Sauda
30 personar var til stades på pressekonferansen, inkludert Enova, saudaordførar Asbjørn Birkeland, Eramet Norway-styreleiar Bjørn Kolbjørnsen, pluss klima- og miljøminister Espen Barth Eide via videolink.
Ministeren gratulerte Eramet og Sauda med nyheita og påpeikte kor viktig det er at smelteverket i Sauda går i front og viser veg for prosessindustrien, ikkje bare i Norge, men også i resten av verda.
– Eg er ordentleg stolt av at staten, via Enova, kan vere med å bidra til dette. Eg ønsker lykke til. Eg gleder meg, Asbjørn, til neste besøk til di vakre bygd, var miljø- og klimaministerens helsing til saudaordføraren og Eramet.
– Framoverlent gjeng
Enova legg ikkje skjul på at smelteverket i Sauda er ”litt utanom det vanlege” når det kjem til det grøne skiftet.
– Det er ein framoverlent gjeng som jobber her. I alle fall synest me i Enova det, opplyste seniorrådgivar Ståle Kvernrød i Enova.
Han meinte særleg Kåre Bjarte Bjelland hadde gjort ein viktig jobb for å lande dette, både opp mot Enova, men også opp mot dei franske eigarane som har blitt med på denne storsatsinga.
Saudaordførar Asbjørn Birkeland påpeikte at 90 GWh med ny kraft er eit betydeleg bidrag.
– Prosjekta er med på å sikre utvikling og vidare drift av den viktigaste arbeidsplassen i Sauda, sa Birkeland.
Eramet Norway-styreleiar Bjørn Kolbjørnsen opplyste at visjonen deira var å bli den første produsenten av manganlegeringar med null utslepp.
Investeringa betyr også at Sauda Energi vil få tilgang på store mengder varmt vatn til fjernvarmeanlegget sitt.
– Det har vore knappheit på vatn til fjernvarme og me har måtta rasjonere vatnet. Det vil det bli slutt på når dei nye gassmotorane kjem i drift. Da vil me kunne sjudoble kapasiteten vår. Da vil me kunne utnytte fjernvarmen til næringsutvikling, som ikkje har vore praktisk muleg fram til nå, seier dagleg leiar i Sauda Energi, Ørjan Vikedal.
Vil dryppe på næringslivet
Prosjektleiar for gassmotorprosjektet på smelteverket i Sauda, Marius Foss, opplyser til Ryfylke at alle dei seks nye gassmotorane skal vere i drift før jul 2024.
– For lokale entreprenørar vil det vere muleg å kjempe om kontraktar når det gjeld elektro, bygg og mekanisk piping, seier Foss.
Totalt er det seks gassmotorar som skal bli bygd. Èin gassmotor er i drift og blei bygd som eit pilotprosjekt. Dette pilotprosjektet viste seg å vere vellukka. I tillegg skal det bli bygd eit pilotprosjekt for karbonfangst. Enova har gitt 40 prosent støtte til karbonfangstpiloten og 30 prosent støtte til dei seks ny gassmotorane.