Veggmåleria i Storesalen i Folkets Hus har skader og treng reparasjonar. Dette meiner eldrerådet i Sauda blant anna bør prioriterast i kommunebudsjettet.
Veggmåleria i Storesalen i Folkets Hus har skader og treng reparasjonar. Dette meiner eldrerådet i Sauda blant anna bør prioriterast i kommunebudsjettet.

Kommunebudsjettet: Dette etterlyser eldrerådet

Eldrerådet i Sauda har uttalt seg om kva dei etterlyser i kommuneadministrasjonens budsjettforslag.

Publisert Sist oppdatert

Kommunebudsjettet skal gjennom alle politiske instansar før kommunestyret skal gjere sitt endelege budsjettvedtak 10. desember.

Eldrerådet føreslår at det bli tatt inn fleire tiltak som kommuneadministrasjonen ikkje har føreslått.

Blant anna meiner eldrerådet at dagsentertilbodet må bli prioritert. Dette har ein prislapp på 295 500 kroner. I tillegg meiner rådet at Saudahallen bør legge inn søndagsope bassengtilbod, utan at tilbodet blir skrenka inn andre vekedagar. Dette har ein årskostnad på 599 000 kroner. Rådet meiner også at kinotilbudet må annonserast. Årskostnaden her er 30 000 kroner.

Ønsker meir til kultur

Også restaurering av veggmåleria i Folkets Hus meiner eldrerådet må på plass. Kostnaden er 370 000 kroner. I tillegg ønsker rådet at Ryfylkemuseet må bli prioritert med 475 000 kroner meir med tanke på å ivareta kulturarv innanfor kommunegrensene til Sauda. Også renovering av kommunale bustader med ein prislapp på 500 000 kroner meiner rådet må inn i 2026-budsjettet. I tillegg ønsker eldrerådet ein pott på 15 000 kroner som dei kan bruke på marknadsføring.

Eldrerådet ønsker også å få inn eit verbalpunkt i budsjettet der dei ber kommunadministrasjonen legge fram ei politisk sak om TryggEst, som er ein modell som hjelper kommunar med å beskytte risikoutsette vaksne gjennom førebygging, avdekking og handtering av vold og overgrep.

Ungdomsrådet ønsker kaféstyrking

Også det nyvalde ungdomsrådet har behandla budsjettforslaget. Ungdomsrådet meiner det ikkje er nødvendig å bruke 66 000 kroner på to gaming-PCar med gamingstolar og gamingbord. Dei meiner heller at desse pengane kan bli brukt på kafétilbod til unge, og meiner ein sosial arena for unge er ei viktigare pioritering. Ungdomsrådet viser til at Sauda IL alt har eit godt gamingtilbod gjennom si e-sportsatsing.

Også funksjonsnedsettes råd har behandla budsjettforslaget. Dette rådet valde å gå for kommunedirektørens innstilling.

Powered by Labrador CMS