Det er ingenting å utsette på antrekket og humøret til kronprins Haakon under sitt Svalbard-besøk.
Det er ingenting å utsette på antrekket og humøret til kronprins Haakon under sitt Svalbard-besøk.

Kronprins Haakon har fått Sauda på hjernen

Stadig vekk dukkar kronprins Haakon opp i offisiell samanheng med Sauda Skisenter-lue. – Dritkult, seier skisenterleiar Lars Reidar Fosstveit.

Publisert Sist oppdatert

Når det blir kaldt hentar den norske kronprinsen fram Sauda Skisenter-lua si, enten han skal på privatbesøk til kongen, og blir avbilda i ei avis, eller han er på offisielle besøk. Denne veka har kronprinsparet vore på offisielt besøk på Svalbard. Der er det framleis kaldt og full vinter. Kronprinsen tok derfor på seg ein staseleg varm frakk og Sauda Skisenter-lua si for å halde varmen.

Kronprinsparet under sitt offisielle besøk på Svalbard denne veka.

Men korleis hamna ei Sauda Skisenter-lue på eit kongeleg hovud?

– Det var eigentleg dottera til kronprinsen som fekk lua da ho besøkte oss. Det var vel i 2019, viss det ikkje er enda lenger sidan, seier Lars Reidar Fosstveit i Sauda Skisenter.

Prinsesse Ingrid Alexandra er ein dyktig skikjørar og deltok i Sauda BCC. Som i mange familiar så stikk familiemedlemmar av med luene til kvarandre, tydelegvis også i kongelege familiar. Deretter begynte Sauda Skisenter-lua ein kongeleg rundtur som nå har vara i fleire år.

– Eg la merke til at lua dukka opp både her og der i nyheitssendingar. Han må tydelegvis like den lua. Men det er ingen ny lue. Den er fleire år gamal. Me må sende han ei ny lue, smiler Lars Reidar Fosstveit.

I begynnelsen av april var kronprins Haakon på besøk i Narvik, i samband med NM i alpint for seniorar og U21. Da var også Sauda Skisenter-lua på besøk der.

Under sitt Narvik-besøk i begynnelsen av april fekk kronprins Haakon tid til ein guida skitur i Fagernesfjellet.

Lars Reidar Fosstveit opplyser at dei ikkje på nokon måte har marknadsført dette, eller utnytta det kommersielt, at kronprinsen i Norge har lagt si elsk på Sauda Skisenter-lua.

– Han skal få bruke lua i fred. Derfor har me ikkje hausa det opp. Da endar me kanskje opp med at han sluttar å bruke lua. Men det er jo kult da, at han går rundt med Sauda Skisenter i panna og Vetlebu på sida av lua, smiler Lars Reidar Fosstveit.

Powered by Labrador CMS