For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Mange lokalaviser må få på plass nye distribusjonsløysingar i nær framtid, deriblant avisa Ryfylke.
Mange lokalaviser må få på plass nye distribusjonsløysingar i nær framtid, deriblant avisa Ryfylke.

Kuttar distribusjon av Amedia-aviser i distrikta

Publisert Sist oppdatert

Amedia reduserer distribusjonsområdet frå fredag 1. mars. Mange distribusjonsruter for aviser i distrikta forutan dei større tettstadene blir no lagde ned.

Mediekonsernet Amedia har inngått ein avtale med Posten om ei overgangsordning med avisdistribusjon kvar tysdag, torsdag og fredag, skriv Landslaget for lokalaviser (LLA). Dagane er dei same dagane som var med i anbodsløysinga frå juli, og laurdag er med eige anbod.

Overgangen blir kostbar for avisene. Ho kjem til å kosta 12 kroner per eksemplar med eit tillegg på 1,15 kroner for regional innlevering. Det er over to gonger så mykje som dei vanlege prisane Posten fører på avisdistribusjon, ifølgje LLA. Fristen for å bli med på ordninga er 6. februar.

Revidert nasjonalbudsjett blir vedteke i juni. Pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i LLA seier at ei løyving må bli teken opp då.

– Dette vil slik vera ei kompensasjonsstøtte som kjem på etterskot. Akkurat no er det derfor ikkje mogleg for nokon å garantera at avisene vil få dekt det meste av ekstrakostnaden. Men me har trua på ei snarleg avklaring, seier han.

(NPK)

Powered by Labrador CMS