Det har vore mange redningsaksjonar i fjella rundt Preikestolen i år.
NPK
Ligg an til rekordmange redningsaksjonar ved Preikestolen
Så langt i år er det gjennomført 30 redningsaksjonar i fjella rundt turistattraksjonen Preikestolen i Rogaland. Dermed ligg det an til å bli eit rekordår.
– Til no har vi passert 30 aksjonar, og statistisk sett så vil vi nok passere 50 i år. Så vi ligg an til ein rekord i år, seier beredskapsleiar Arne Alsvik i Folkehjelpen Strand og Forsand til
Sandnesposten.
Dei fleste redningsaksjonane dreier seg om dårleg vêr i fjellet, opplyser Alsvik vidare. Dette var tilfelle natt til fredag då nokre turgåarar gjekk seg bort på grunn av tett tåke. Frivillige fann personane uskadde og fekk hjelpt dei ned frå fjellet.
Alsvik påpeikar at stien opp til Preikestolen er godt merka, og at det derfor i utgangspunktet er sjeldan at folk går seg bort.
– Men med det dårlege vêret vi har hatt, så kan folk miste merkinga. Det er også tilfelle der folk vel å ta andre stiar og ikkje finn vegen tilbake. På Kjerag er det vanleg at folk tek utradisjonelle val av stiar, seier Alsvik til avisa.
Kjerag er ein annan spektakulær fjellformasjon i nærleiken som trekkjer til seg mange fotturistar.