For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Statens vegvesen skal setje opp fleire målepunkt for sykkel, blant anna langs utavlde turistvegar.
Statens vegvesen skal setje opp fleire målepunkt for sykkel, blant anna langs utavlde turistvegar.

Mangelfulle sykkeltellingar eit problem for planlegging

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Transportøkonomisk institutt (TØI) i ei sak på nettsidene sine.

Reisevaneundersøkingar (RVU) som er mest brukt som kunnskapsgrunnlag i dag, er godt eigna til å seie noko om transportmiddelval. Sykkeltellarar kan betre fange opp endringar over tid. App-data, som framleis ikkje blir brukte så mykje, kan seie noko om ruteval, men er like sårbare som RVUer for låg svarprosent og utvalsskeivskapar.

Teljedata frå Oslo kommune og frå Statens vegvesen viser nesten 80 prosent auke i sykling frå 2014, medan RVU-tala viser ein auke på 20 prosent i den same perioden. Stor uvisse i datagrunnlaget gjer planlegging vanskeleg. Sykkelteljarar kan per dags dato ikkje skilje mellom syklar og elsparkesyklar, noko det har vore eit stort behov for.

Samanlikna med andre land, har Norge ei offensiv haldning til å skaffe data om mikromobilitet, blir det påpeika i rapporten. Samtidig er det ei sterk utvikling mot meir bruk av delings-plattformer for sykkeldata mellom lokale og nasjonale aktørar. Det offentlege samarbeid tett med private leverandørar om dette.

Rapporten kjem med fleire konkrete forslag til korleis datagrunnlaget kan bli betre. Etablering av eit kunnskapssenter for sykling kan til dømes spele ei sentral rolle i rettleiing om innsamling og utveksling av data. Ei viktig rolle for eit slikt senter vil då vere å fungere som eit bindeledd mellom forvaltninga, kunnskapsprodusentane og leverandørane.

(NPK)

Powered by Labrador CMS