For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

I fjor gjekk talet på skadar frå rotter eller mus ned frå året før, men skadetala i 2022 var likevel heile 40 prosent høgare enn før pandemien.
I fjor gjekk talet på skadar frå rotter eller mus ned frå året før, men skadetala i 2022 var likevel heile 40 prosent høgare enn før pandemien.

Meir enn 1 av 3 nordmenn har hatt skadedyr på besøk i huset sitt

Publisert Sist oppdatert

– Kvar dag får norske forsikringsselskap inn mellom seks og sju saker der rotter og mus har gjort skade på hus og hytter. I snitt kostar eit angrep frå skadedyr 60 000 kroner. Dei verste skadane kostar fleire millionar å utbetre, seier produktsjef i Frende Forsikring, Øystein Øren, i ei pressemelding.

No er tala frå 2022 klare. Dei viser at talet på saker med rotter/mus var 2 413 i fjor. I 2016 var talet 413, som gir ein auke på over 450 prosent på seks år.

Tala har likevel gått ned dei siste to åra. I 2020 gjekk talet saker opp til 2.946 frå 1.723 i 2019. Øren forklarar oppsvinget i 2020 med at då pandemien kom var vi meir heime og mange oppdaga skadar på huset eller hytta. Ein annan grunn er at mange pussa opp under pandemien og oppdaga angrep på eigedommen sin.

I Frendeundersøkinga Norstat utførte under pandemien sa ein av tre at dei hadde brukt pengar på å pusse opp heime under koronakrisa.

I fjor gjekk talet på skadar ned frå året før, men skadetala var likevel heile 40 prosent høgare enn før pandemien.

– Men det ser ut som om mus og rotter har bite seg fast også etter at restriksjonane slapp opp. Skadetala var heile 40 prosent høgare i fjor enn i 2019, seier Øren.

(NPK

Powered by Labrador CMS