For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Flagg, fotografering og full feiring endar med knust mobil for mange på nasjonaldagen.
Flagg, fotografering og full feiring endar med knust mobil for mange på nasjonaldagen.

Nasjonaldagen er også den store uflaksdagen

Publisert Sist oppdatert
– 17. mai er verkeleg blant klassikarane. Det er ein dag med mykje mobiluhell. Store folkemengder, lettare familiekaos, mykje bildeknipsing og fest og alkohol på toppen, gir mange forsikringssaker kvart einaste år.

Det opplyser produktsjef i Frende Forsikring, Øystein Øren, i ei pressemelding.

Ei undersøking utført av Norstat på vegner av forsikringsselskapet, viser at det er i Oslo folk er mest uheldige. Der svarar 58 prosent at dei har hatt mobiluhell.

Sjølv om Øren kjenner til dei mange uhella folk opplever på nasjonaldagen, er han overraska over statistikken.

– Eg visste det var mange skadar, men at ein av to har gått på ein mobilsmell er heftig. Mange er uheldige, men når tala er så høge, er det tydeleg at folk må ta betre vare på tinga sine, seier produktsjefen.

I fem fylke seier halvparten eller meir at dei har vore uheldige med mobilen sin. I aldersgruppa 18–29 år, er talet heile 64 prosent.

– Tenk så mange mobilar det er snakk om. Det kostar mykje pengar. Ikkje er det bra for miljøet heller, seier Øren.

Han oppfordrar folk til å passe på tinga sine og vere forsiktig med kvar ein legg dei frå seg. 17. mai er ein travel dag der det er trongt om plassane på etestadar og møtestadar. Mange legg frå seg eigedelane sine for å signalisere at bordet er opptatt.

– Det er ikkje lurt. Viss du legg frå deg mobil eller andre ting når du går for å bestille, kan du ikkje vente deg hjelp frå forsikringa viss det er forsvunne når du kjem tilbake. Det er venta at du skal gjere det du kan for å unngå at tinga dine blir stolne.

Mange reiseforsikringar har i dag også dekking av uhell, kjem det fram i pressemeldinga. Det betyr likevel ikkje at du kan vere uforsiktig.

– Det er sumavgrensingar på uhellsdekking. Så dyre som mobilane er i dag, er det ikkje sikkert du får dekt heile summen, seier produktsjefen.

Powered by Labrador CMS