For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Allmannajuvet er ein del av Nasjonale turistveger. No leitar Vegvesenet etter nye formgivarar til nye prosjekt.
Allmannajuvet er ein del av Nasjonale turistveger. No leitar Vegvesenet etter nye formgivarar til nye prosjekt.

Nasjonale turistvegar treng nye formgivarar

Publisert Sist oppdatert

Statens vegvesen ønskjer no å inngå avtalar med arkitektar og landskapsarkitektar til å forme ut framtidige turistvegattraksjonar.

Utviklinga av attraksjonar langs dei nasjonale turistvegane våre har gått føre seg i snart tre tiår med i alt 175 realiserte prosjekt ved utgangen av 2022. Så langt har eit 50-tals formgivarar delteke i arbeidet.

No leitar Vegvesenet etter nye formgivarar til prosjekt som blir planlagde gjennomført i perioden 2023–2029. Prosjekta ligg spreidde over heile landet og omfattar alt frå mindre stoppestadar og utsiktspunkt til rasteplassar med servicebygg.

Formålet med innkjøpet er å inngå rammeavtalar med eit utval av arkitektane og landskapsarkitektane i ein ny generasjon.

For å bli innlemma som leverandør i rammeavtalen er det eit krav om at formgivaren har kontor med base i Noreg, og dessutan ikkje tidlegare har delteke i utforming av turistvegprosjekt.

(NPK)

Powered by Labrador CMS