Helsevesenet slit med å skaffe nok folk. Sjukepleiarar toppar lista.
Helsevesenet slit med å skaffe nok folk. Sjukepleiarar toppar lista.

Nav: Arbeidsgivarar mindre optimistiske enn på mange år

Ikkje sidan oljeprisane stupte for åtte år sidan har arbeidsgivarar hatt lågare forventningar til framtidsutsiktene, viser Navs bedriftsundersøking.

Publisert Sist oppdatert

Forventningane i arbeidslivet har teke ei vending sidan i fjor, viser den årlege undersøkinga.

Færre ventar at det blir fleire tilsette i år. Netto er det berre ei av ti bedrifter som ventar auka sysselsetjing.

– Vi må tilbake til 2016 for å finne lågare optimisme, og det er berre tre gonger dei siste 20 åra at han har vore så låg som no, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

I tillegg til oljepriskrisa var dei andre botnpunkta lågkonjunkturen i 2002–2003 og finanskrisa nokre år etterpå.

– Framleis store moglegheiter i arbeidslivet

Hovudproblemet dei siste åra har vore å få tak i kvalifiserte folk. Det er i mindre grad ei utfordring no, ifølgje Nav.

Men det er heller ikkje slik at arbeidsgivarane ser for seg at dei må nedbemanne. Dette talet ligg stabilt frå i fjor. Derimot er det ei større gruppe enn før som trur sysselsetjinga vil bli uendra.

Samtidig som norske verksemder melder om litt dårlegare utsikter og mindre mangel på arbeidskraft, er arbeidsløysa framleis låg historisk sett.

– Alt i alt er det framleis store moglegheiter til å få fleire av dei som står utanfor, inn i arbeidslivet, seier Holte.

Størst mangel på sjukepleiarar

For to år sidan mangla det 70.000 personar for å dekkje behovet i arbeidslivet, noko som var eit rekordhøgt nivå. No er talet 43.600 personar.

Mangelen på folk er monaleg redusert når ein ser tala samla, men det er store forskjellar mellom yrkesgruppene, poengterer Nav-sjefen.

– Innan helse og omsorg er mangelen betydeleg, og verksemdene rapporterer om stor mangel på sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legespesialistar, seier Holte.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS