For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Dei siste tala frå Nav viser at 145.174 personar mottok arbeidsavklaringspengar (AAP) ved utgangen av juni.
Dei siste tala frå Nav viser at 145.174 personar mottok arbeidsavklaringspengar (AAP) ved utgangen av juni.

Nav: Regelendring bidreg til fleire AAP-mottakarar

Publisert Sist oppdatert
Dei siste talta frå Nav viser at 145.174 personar fekk arbeidsavklaringspengar (AAP) ved utgangen av juni. Det er ein auke på 2050 personar i 2. kvartal. I 1. kvartal var auken over 3700.

Arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte ser auken i samanheng med at det sidan i fjor sommar har vore endringar i regelverket.

Får ny periode på AAP

– Mange av dei som når makstid på AAP, får halde fram på ytinga som følgje av regelverksendringane i juli 2022, mellom anna fjerning av karensperioden. Dette fører til at fleire blir verande på ytinga etter makstid, fordi dei har fått innvilga ny AAP-periode, seier Holte i ei pressemelding.

Størst har auken vore i Oslo, der auken i AAP-mottakarar det siste året har vore nesten 1700 personar eller 10,7 prosent. Blant resten av fylka var det stor prosentvis auke i Vestfold og Telemark (10,5 prosent) og Nordland (10 prosent).

Fylket med høgast del registrert med AAP, er Agder. Der er 5,4 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18 til 66 år AAP-mottakarar.

Fleire med nedsett arbeidsevne

Ein annan medverkande faktor er at det blir fleire og fleire registrerte med nedsett arbeidsevne.

I juni 2023 var 212.100 personar registrerte med nedsett arbeidsevne, som er det høgaste talet sidan juni 2012.

Ifølgje Nav starta auken under pandemien etter fleire år med jamn nedgang.

Powered by Labrador CMS