Det er ein historisk sterk auke i rypebestanden i nord, mens trenden er nedgåande i Sør- og Midt-Norge.
Det er ein historisk sterk auke i rypebestanden i nord, mens trenden er nedgåande i Sør- og Midt-Norge.

Nedgang i rypebestanden i Sør-Norge

Men kraftig oppsving av ryper i nord.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein historisk sterk auke i rypebestanden i Nordland og Troms, ifølgje Statskog. I Sør- og Midt-Norge viser tala ein svak nedgang.

Dei siste vekene har Statskog fått rapportar frå teljingar langs meir enn 2.200 kilometer takstlinjer i nord og sør. Teljingane viser at det med nokre unntak er bra tal for heile landet.

I Nordland og Troms, som er delt inn i elleve takstområde, viser ti av elleve oppgang.

Berre eitt område, Sør-Troms, har ein marginal nedgang. Her var det for inntil få år sidan strenge reguleringar og stengingar. Utviklinga no er svært positiv, og det er nær ei dobling i rypetettleik.

I Sør-Norge viser teljingane ei meir variert utvikling. Ifølgje Norges Jeger- og Fiskerforbund er det ein svak nedgang i Sør- og Midt-Norge.

– Ut frå årets takseringsdata ser det ut som det er litt lågare bestandar av rype i år enn i 2021 i Sør-Norge. Det ser også ut som om rypene har fått fram færre kyllingar. Årsakene er nok mange og samansette, seier Torgeir Lande i Norges Fjellstyresamband.

Dei opplyser at det er bra med fugl dei fleste stader, sjølv om bestanden har gått noko tilbake samanlikna med i fjor. Ifølgje Statskog vil det alltid vere naturlege svingingar og syklusar i bestandane.

I sesongen 2020/21 vart det felt 176.500 ryper. Årets rype- og skogsfugljakt opnar 10. september.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS