Mange manglar forsikring på elsparkesykkelen sin.
Audun Braastad / NTB / NPK
Ni av ti elsparkesyklar manglar forsikring
Sidan nyttår har alle eigarar og brukarar av elsparkesyklar vore pålagde å ha ei forsikring på den. Ansvarsdekninga gjeld ved skadar på personar, køyretøyet og eigedommen til andre.
– Fleire og fleire har forstått kva risiko ein tar ved å ha ein uforsikra elsparkesykkel, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring.
Han fortel at selskapet har selt rundt 7 000 ansvarsforsikringar, og sel nokre hundre kvar dag.
I 2022 vart 673 personar skadde på elsparkesykkel berre i Oslo.
(NPK)