For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Frå 2026 blir det forbode å grønvaske varer og tenester.
Frå 2026 blir det forbode å grønvaske varer og tenester.

No blir grønvasking forbode

Publisert Sist oppdatert
Lova Empowering Consumers for the Green Transition Directive» vart vedteken av Rådet i EU og Europaparlamentet tysdag førre veke, og skal styrke forbrukarane si moglegheit til å ta informerte og grøne val.

Den nye lova trer i kraft i 2026 og vil mellom anna innebere:

* Forbod mot miljøpåstandar viss verksemda ikkje kan dokumentere påstandane.

*Forbod mot merking og logoar som ikkje baserer seg på godkjende sertifiseringsordningar.

*Forbod mot påstandar om karbonnøytralitet». Omgrepet er svært misvisande for forbrukarar og mykje brukt, ofte i miljøbelastande marknader som luftfart og mat.

*Plikt til å informere om produktet lèt seg reparere og om programvareoppdateringar, for å hjelpe forbrukarar med å velje meir berekraftige produkt.

*Ny garantimerking om haldbarheit.

Forbrukarrådet var ein av 21 europeiske forbrukarorganisasjonar som i sommar etterlyste eit forbod mot villeiande påstandar om klimanøytralitet med døme frå grøn marknadsføring av flyreiser. Lova som det no er semje om, vitnar om at EU har teke kravet til etterretning, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, i ei pressemelding:

– Anten om du betaler ein grøn billett» eller ikkje, så vil flyet ditt framleis sleppe ut klimagassar. Så å framstille det å fly som ein berekraftig transportmåte er rein grønvasking. I sommar oppmoda vi europeiske styresmakter til å slå ned på denne praksisen, og med dei nye EU-reglane er det derfor gledeleg at bodskapen ser ut til å ha nådd fram, seier Blyverket.

Powered by Labrador CMS