Norge produserte i fjor over halvparten av oppdrettslaksen i verda.
NPK
Noreg produserer over halvparten av oppdrettslaksen i verda
Kvar dag blir det ete rundt 40 millionar laksemåltid verda rundt, og av desse er det norsk laks på tallerkenen i om lag 21 millionar av måltida. Det gjer Noreg til den største produsenten i verda av atlantisk laks, med ein produksjon på 1,5 millionar tonn i 2022, målt i rundvekt, viser ei undersøking frå Noregs sjømatråd.
Undersøkinga viser at tyskarane er dei som åt mest norsk laks i fjor med i alt 165.000 tonn.
Viss ein ser på all laks, ikkje berre norsk laks, var det amerikanarane som totalt sett konsumerte aller mest i heile verda i fjor, med nesten 641.000 tonn.
Noreg og Sverige er likevel landa som et mest laks per person, med rundt 5,7 kilo.