For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Nortura ber bøndene komme med lamma sine slik at dei har nok kjøtt til fårikålsesongen og pinnekjøttproduksjon.
Nortura ber bøndene komme med lamma sine slik at dei har nok kjøtt til fårikålsesongen og pinnekjøttproduksjon.

Nortura ber om å få lam til pinnekjøttet

Publisert Sist oppdatert

– Det er viktig at vi får inn lam no når fårikålsesongen står for tur. Vi treng også lam til å lage pinnekjøtt. Viss det er mogleg for bønder å levere lamma no, så er det veldig bra for oss. Vi håpar det tek seg opp kjapt, seier Finn Avdem, fagsjef for småfe i Nortura, til Nationen.

Nortura er den største aktøren i marknaden, og per veke 36 har dei slakta vel 113.000 lam. Det er 33.000 færre enn på same tid i fjor, og tal frå bransjeorganisasjonen Animalia viser same tendens. Per veke 36 var det levert over 46.000 færre lam til slakt enn på same tid i fjor, ein nedgang på 17 prosent.

Avdem reknar med at sesongen er forseinka på grunn av dårleg vêr.

– Nokre stader i landet har beiteforholda gjort at lamma ikkje er slaktemodne når dei blir tatt ned frå fjellet. Dermed må lamma sluttfôrast før dei blir sende til slakt, seier Avdem.

Ein del bønder har også utsett sauesankinga på grunn av dårlege innhaustingsforhold i sommar og sein slått.

(NPK)

Powered by Labrador CMS