Vekeprisen i det sørlege Noreg førre veke var 325 øre per kilowattime (kWh).
Vekeprisen i det sørlege Noreg førre veke var 325 øre per kilowattime (kWh).

NVE: Lågare straumprisar og vedvarande import til det sørlege Norge

Kraftproduksjonen i Sør-Norge er svært låg for årstida, ifølgje NVE. Det blir meldt om lågare straumprisar og vedvarande nettoimport til det sørlege Norge.

Publisert Sist oppdatert
Vekeprisen i det sørlege Noreg førre veke var 325 øre per kilowattime (kWh). Dette var ein reduksjon på 20 prosent frå veka før. Midt- og Nord-Noreg hadde vekeprisar på høvesvis 68 og 60 øre/kWh, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

I store delar av Nord-Europa fall kraftprisane førre veke. Ei viktig årsak var høg produksjon av vindkraft. Tyskland hadde nesten nullprisar i enkelte timar på laurdagen. Mykje fornybar kraft på kontinentet bidrog til at sørlege Noreg (områda NO1, NO2 og NO5) også denne veka var nettoimportør av kraft. Slik har det vore dei tre siste vekene.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS