For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Er du redd for å miste naturopplevingar med snø?
Er du redd for å miste naturopplevingar med snø?

Ny raudliste for naturopplevingar

Publisert Sist oppdatert

WWF, DNT og Norsk Friluftsliv inviterer heile befolkninga i Noreg til å nominere naturopplevingar dei er redde for å miste, for å skape merksemd rundt viktigheita av å bevare norsk natur.

– Presset på naturen er større enn aldri før, og vi står no midt i ei akutt naturkrise. Villmark som for hundre år sidan dekte rundt halvparten av det langstrekte landet vårt, utgjer i dag mindre enn 12 prosent, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet.

Førre gong WWF og Norsk Friluftsliv sette saman ei slik liste var i 2019. Då var intakt natur, stille og dei frie elvane opplevingar som toppa lista. Denne gongen har også Den Norske Turistforening (DNT) slutta seg til initiativet til dei to andre organisasjonane.

– Viktige natur- og friluftslivsområde blir bygde ned bit for bit utan at nokon har den fulle oversikta over naturtapet. Vi som ferdast i naturen og veit kva han betyr for rekreasjon, trivsel og helse, kjenner også på kva vi er redde for å miste, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.

Det er lett å nominere på verdtåbevare.no, og både privatpersonar og organisasjonar kan gjere det. Fristen er 30. april.

Powered by Labrador CMS