Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Forslag til korleis brua langs E39 over Bjørnafjorden i Hordaland kan bli sjåande ut.
Forslag til korleis brua langs E39 over Bjørnafjorden i Hordaland kan bli sjåande ut.

Nye klimautrekningar kan stoppe Hordfast

Publisert Sist oppdatert
Statens vegvesen hadde Hordfast på E39 på topp i prioriteringslista si for nye vegprosjekt i 12-årsperioden 2025–2036, som vart lagt fram før påske. Den 56 kilometer lange motorvegen med prislapp på 46 milliardar kroner inkluderer bru mellom Stord og Tysnes og over Bjørnafjorden. Då lista vart lagt fram, vart dette prosjektet rekna som samfunnsøkonomisk nyttig.

Men så bad Samferdsledepartementet om nye utrekningar som tek omsyn til at utsleppa frå norske vegar i 2030 skal vera 55 prosent lågare enn i 1990. Då blir reknestykket annleis.

– Dyrt fossilt drivstoff gjer at trafikantnytten går noko ned. Det gir redusert trafikk og dermed mindre nytte av vegprosjekta, seier Jan Fredrik Lund, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, til NRK.

Vegvesenet har rekna på nytt for 11 prosjekt, og det slår særleg negativt ut for Hordfast. Samfunnsnytten går frå 1,9 milliardar kroner i pluss, til 1,5 milliardar i minus. Årsaka er at i kalkylane for Hordfast hadde ein rekna med ei mangedobling av trafikken.

Lund kan ikkje svare på kva dei nye utrekningane tyder for prioriteringane til Vegvesenet. Øyvind Halleraker, dagleg leiar i Hordfast AS, stiller spørsmål ved utrekningane.

– Eg meiner ein her ser heilt vekk frå den positive klimaeffekten ein får når ferjene blir tekne vekk. Å driva ei ferje gjennom vatnet er svært energikrevjande. Også om ho skal gå på straum, seier han til NRK.

Det er Stortinget som neste år skal vedta Nasjonal transportplan.

Powered by Labrador CMS