Politiet fekk app-trøbbel – bilist slapp bot
Bilisten skulle få bot for køyring med for dårleg sikt, men blei redda av data-problem.
Ein bilist blei torsdag sist veke stoppa av politipatruljen i Sauda sentrum. Politiet vurderte det slik at vindauga på bilen var så mykje dekt av is, at dette var eit brot på vegtrafikklova.
– Dette var på kvelden i 20.20-tida, og patruljen vurderte det slik at dette kvalifiserte til eit forenkla førelegg. Men då dette førelegget skulle registrerast, fekk patruljen problem med appen som blir brukt til dette. Dette kan vel seiast å ha vore litt heldig for bilførare, som dermed slapp unna med ei åtvaring, fortel politioverbetjent Eivind Asheim til Ryfylke.
Han opplyser at føraren var ein saudabu i godt vaksen alder. Han ber også bilistar vere spesielt oppmerksam på at dårleg sikt både er trafikkfarleg og kvalifiserer til bøter.
– Det gjeld både frontvindauge og sidevindauga foran. Om ein skrapar isen bort og startar å køyre, opplever mange at vindauga blir dekt med dogg. Då rår vi til å stoppe bilen og vente til det gir seg. Køyring med dårleg sikt er ulovleg, seier Asheim.