Ein saudamann i 30-åra er sakna etter ein tur med hurtigbåten frå Stavanger til Sauda søndag kveld.
Ein saudamann i 30-åra er sakna etter ein tur med hurtigbåten frå Stavanger til Sauda søndag kveld.

Politiet med ny oppdatering om søket etter sakna saudamann

Fleire båtar og politiets droneteneste deltok i søket etter den sakna saudamannen onsdag. Omlag klokka 20.30 blei søket avslutta utan resultat.

Publisert Sist oppdatert

– Politiet har avslutta dagens søk. Dessverre utan resultat, skriv politiet på sin logg onsdag kveld ved 20.30-tida.

Då var fleire timar med søk avslutta. Politiet opplyser i si oppdatering at tre båtar frå FORF deltok, samt politiets droneteneste. Søket pågjekk i Ryfylkebassenget», samt i Sandsfjorden og Hylsfjorden. Dei pårørande er løpande orientert om søket.

– Torsdag er det planlagt eit statusmøte der ein vil vurdere eventuelle nye søk, og om eventuelt ytterlegare verktøy som sonar og ROV skal settast inn, skriv politiet.

Den sakna mannen, ein saudamann i 30-åra, blei meldt sakna søndag kveld, då han ikkje gjekk i land i Sauda etter ein hurtigbåttur frå Stavanger.

Onsdag føremiddag meldar politiet at det blir sett i gang søk med droner og politibåt for å forsøke å finne saudamannen som har vore sakna sidan søndag kveld. Søket er etter antatt omkome person.

Politiet opplyser i sin logg onsdag at også båtressursar frå frivillige skal delta i dette søket, som også blir gjort langs land på Foldøy, nordsida av Ombo og Nord-Hidle.

Etter å ha leita heile måndag, avslutta politiet søket etter mannen i sjøen då mørket kom i 19.45-tida. Då politiet sette søket på pause måndag kveld, opplyste dei at søket gjekk over i ny fase; søk etter antatt omkome på sjø. Dei opplyste også at dei pårørande blir fortløpande orientert om framdrift og plan.

Tysdag føremiddag blei det ikkje gjort aktivt søk i området.

– Politiet har avhøyrt vitne i saka, og jobbar no med blant anna med å undersøke tekniske spor. Håpet er at det kan føre oss nærmare svar på kva som har skjedd med denne personen, seier GDE-leiar Fredrik Hopland Alvestad til Ryfylke.

– Er parat

Måndag. Søkemannskapet har bestått av fleire politipatruljar, mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps og frivillige frå FORF. Både båtar og helikopter er nytta i søket. I løpet av måndagen, blei hovudfokuset i søket flytta frå sjø til land, og politiet oppmoda publikum til å sjekke naust, hytter og båtar.

– Politiet er der og gjer det dei kan frå land og er parate om nokon andre i området skulle gjere funn. Samtidig blir det jobba aktivt med å få oversikt og planlegge kva steg vi skal ta vidare, og kva verktøy vi skal ta i bruk i arbeidet vidare, seier Alvestad.

Powered by Labrador CMS