Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) la tysdag fram stortingsmeldinga om distriktspolitikk.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) la tysdag fram stortingsmeldinga om distriktspolitikk.

Regjeringa: Folketalet i distriktskommunar skal auke

Publisert Sist oppdatert

– Målet er at folketalet skal auke i distriktskommunane. Alle lokalsamfunn skal kunne utvikle seg og skape verdiar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Han presenterte tysdag stortingsmeldinga på Sølvane gard i Gloppen kommune i Vestland.

Tidlegare har målet vore å halde oppe hovudtrekka i #busettingsmønster.

Regjeringa ønskjer ei tydelegare differensiering i arealpolitikken og går inn for at kommunane skal få bestemme meir sjølv. Regionale og lokale behov skal vektleggjast meir.

Distriktskommunar kan søkje om bygdevekstavtalar med staten, og fleire slike pilotar er på plass allereie i Finnmark og Trøndelag.

– Vi kjem til å følgje opp bygdevekstavtalane med meir statlege pengar, også til å gjennomføre konkrete prosjekt, seier Gjelsvik.

Regjeringa har sett seg som mål å sikre at alle har tilgang til høgfartsbreiband i løpet av 2025. Fylke med mange distriktskommunar skal prioriterast i køen.

Regjeringa vil dessutan ha ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar og satse på bustadpolitikk i distrikta.

I budsjettforliket med SV vart låneramma til Husbanken auka med 3 milliardar kroner.

– Vi vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadbygging i distriktskommunar, særleg i dei minst sentrale kommunane, seier Gjelsvik

(NPK)

Powered by Labrador CMS