For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Utenlandske turistar strøymar til Norge som aldri før, og reiselivsbransjen trur på rekordsommar. Bryggen i Bergen er tradisjonelt eit av dei populære måla for turistar.
Utenlandske turistar strøymar til Norge som aldri før, og reiselivsbransjen trur på rekordsommar. Bryggen i Bergen er tradisjonelt eit av dei populære måla for turistar.

Reiselivet jublar over rekordsommar

Publisert Sist oppdatert
– Vi snakkar om omsetningsauke på 20-30 prosent frå det gode fjoråret. Inntektsbudsjettet for heile året på 35 millionar kroner ligg vi an til å nå allereie i juli, seier dagleg leiar Eirik Bræin Gikling i Eliassen Rorbuer i Lofoten til Dagens Næringsliv.

Normalt pleier halvparten av gjestene å vere frå utlandet. I år blir andelen utanlandske gjester langt høgare.

Hotelleigar Alexander Grieg på hotellet Opus XVI i Bergen stadfestar tendensen og seier at både belegget og prisane aukar. I Bergen snakkar ein om over 30 prosents auke i talet på gjester og ein gjennomsnittspris som ligg 1000 kroner høgare per rom enn på same tid i fjor.

Strawberry-kjeda (tidlegare Nordic Choice) fortel om 40 prosents auke i talet på bookingar, medan Thon Hotels snakkar om ein vekst på 20-25 prosent samanlikna med fjoråret.

Det er ikkje berre hotella som merkar auken. Ferjereiarlaget Color Line melder om ein auke for sommaren på 20 prosent fleire danske gjestar og 25 prosent fleire frå Nederland. Også tyskarane kjem i eit langt større tal enn før.

(NPK)

Powered by Labrador CMS