For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Mange tar teoriprøven, men nesten halvparten stryk.
Mange tar teoriprøven, men nesten halvparten stryk.

Rekordmange har tatt teoriprøven

Publisert Sist oppdatert

– Førebels i år er det i overkant av 6000 fleire som har gjennomført teoriprøvar enn i fjor på same tid. Sjølv om det verkar som at det var fleire som gjennomførte prøven, var det likevel 43 prosent som strauk, seier fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Ingunn Foslund.

Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Sjølv om talet på gjennomførte prøver har auka, er det framleis mange som stryk både éin og to gonger. I dei to siste åra har strykprosenten vore på 57 prosent.

Viss ein ikkje står på teoriprøven må du vente to veker før du kan ta ny prøve. Men med så mange som stryk blir ventetida for kandidatane mykje lenger.

– Det er viktig at dei som melder seg opp til teoriprøve er godt førebudd. Det er òg mogleg å få låne hovudtelefonar dersom du vil ha oppgåvene og svaralternativa opplesne på norsk, seier Foslund.

Likevel har ventetida på oppkøyring vore kort. Tala for dei praktiske førarprøvene viser at 78 prosent stod første halvår.

Powered by Labrador CMS