Ryfylke har begynt å løyse innloggingsproblema

Mange av våre abonnentar klarer å logge seg inn, og stadig fleire får hjelp til å logge seg inn.

Publisert Sist oppdatert

 

 

Etter at Ryfylke gjennomførte eit stort digitalt systembytte har ein del abonnentar ikkje klart å logge seg inn på Ryfylke sine nettsider og i Ryfylke sin app.

Ryfylke, saman med våre leverandørar av systema, har nå klart å identifisere mange av innloggingsproblema. Mange av dei som ikkje klarer å logge seg inn veit ikkje kva mailadresse dei registrerte abonnenmentet på, eller kven sitt mobilnummer i husstanden abonnementet er registrert på. Da vil dei ikkje klare å logge seg inn.

Nokre abonnentar har også registert meir enn éi mailadresse på abonnementet. Det krasjer systemet. Ryfylke har funne ut korleis det kan ryddas opp i kvart abonnement i dei nye systema. Deretter har abonnentar klart å logge seg inn.

I tur og orden vil me sørge for at alle skal få til å logge seg inn, men dette er manuelt arbeid som tar tid. Me må derfor be om at dei kundane som ennå ikkje har klart å logge seg inn om å fortsatt vere tålmodige.

Me har stengt dørene måndag 1. desember for å frigjere tid til dette arbeidet. Ring 52 78 68 00 viss det gjeld annonser.

Nyheitsartiklar med viktig innhald vil me publisere utanfor betalingsmur. Me vil også opne opp sida med dødsannonsar for ein periode.

Powered by Labrador CMS