Dyrare bereposar har endeleg gitt ønsket effekt: Salet fell kraftig.
NPK
Salet av bereposar stuper
– Denne veka har Coop sett ein kraftig auke i salet av handlenett og avfallsposar på rull, medan salet av plastposar stuper, heiter det i ei pressemelding frå Coop.
For tre dagar sidan auka prisen på plastbereposar frå 3 til 4 kroner og 25 øre. Effekten kom momentant.
Så langt denne veka, samanlikna med same veke i 2022, har Coop opplevd ein auke i salet av handlenett på heile 320 prosent. Salet av avfallsposar på rull har auka med 80 prosent, medan salet av plastposar har sokke med 20 prosent.
– Dette er eit tydeleg teikn på at prisendringa på plastposar har gitt effekt allereie. Det er gledeleg å sjå at kundane har omstilt seg raskt, seier kommunikasjonsrådgivar Simen Kjønnås Thorsen i Coop Norge.
Coop og andre butikkjeder sel handlenett til 10 kroner. Det betyr at du berre treng å bruke handlenettet tre gonger før utgifta er spart inn.