Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Sauda har to elver, men mange 'bekkar'. Eit eige passkontor er eit eksempel på ein liten bekk som er med på å skape eit heilt samfunn.
Sauda har to elver, men mange "bekkar". Eit eige passkontor er eit eksempel på ein liten bekk som er med på å skape eit heilt samfunn.

Sauda kan bli registrert med hetebølge i løpet av helga

Publisert Sist oppdatert

Drammen har no registrert hetebølgje med fem dagar der makstemperatur er 27 grader eller meir. Fleire stader kan følgje etter i helga.

Meteorologisk institutt skriv på Twitter fredag at Drammen-Berskog no har hatt fem dagar med makstemperatur på 27 grader eller meir, som er definisjonen på hetebølgje i Norge.

Dei neste dagane kjem det nok fleire stasjonar i Sør-Norge på lista, skriv meteorologane.

For det varme vêret gir seg ikkje med det første. Fleire stader i landet vil kvikksølvet bikke 30 grader dei neste dagane. Det er spådd at hetebølgja vil nå Oslo og fleire byar på Austlandet på laurdag, skriv VG.

Også på Vestlandet kan meteorologane erklære norsk hetebølgje om kort tid.

– Både Sauda og Voss ligg an til å få norsk hetebølgje i løpet av helga, seier vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen.

Ifølgje Meteorologene vart det torsdag registrert over 30 grader på 39 målestasjonar i Sør-Norge. Gulsvik målestasjon var varmast med 33,9 grader.

Gode råd

Helse-Noreg ber folk unngå å bli for varme og dehydrerte. Dei skriv at eldre og sjuke er særleg utsette ved hetebølgjer.

– Dei er meir utsett for skadar og i verste fall død, skriv Helse-Noreg på nettsidene sine.

Dei kjem med desse råd for å takle ei hetebølgje:

* Drikk rikeleg.

* Bruk lette, luftige og lyse klede.

* Dusj eller bad i kjølig vatn, eventuelt legg våte handkle på huda.

* Opphald deg i kjølige rom.

* Reduser fysisk aktivitet.

Landbruket bekymra

Over 30 grader får mange nordmenn til å juble over varmt sommarvêr, men landbruksminister Sandra Borch (Sp) er bekymra for tørre åkrar og enger. Det varme og tørre vêret skaper nemleg uro i Landbruks-Noreg.

– Det er svært tørt mange stader i Sør-Noreg, og mange er bekymra for avlingane. Dette er ei bekymring eg delar, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) til NTB.

Fleire bønder på Austlandet har allereie tapt store avlingar på grunn av tørken. Ein bonde på Kløfta som Nationen har snakk med fekk 2000 rundballar under førstelåtten i fjor, men i år vart det berre 650. Store avlingar har tørka bort. No treng dei regn for å redde sesongen i år, og for å få nok fôr til dyra gjennom vinteren.

I Felleskjøpet konstaterer dei allereie at årets kornår på Austlandet blir dårleg.

Men langtidsvarselet gir grunn til håp for bønder på Austlandet. Yr.no melder at det er venta nokre millimeter regn både tysdag og onsdag neste veke. Det kan også komme meir regn neste helg.

Varmt over heile kloden

Den intense varmen opplevast over store delar heile kloden. Varmerekordar kjem hyppigare som følgje av den globale oppvarminga. Gjennomsnittstemperaturen globalt i første del av juni var den høgaste som nokon gong er registeret, ifølgje EUs klimaovervakingsteneste.

I Beijing vart varmerekorden for midten av juni slått då gradestokken steig til 39,4 grader fredag – og i Shanghai vart ein over hundre år gammal varmerekord slått i mai.

Rekordvarme har det også vore i Canada, der skogbrannar har svidd av område som til saman er større enn Belgia.

Tidlegare denne månaden var det dessutan rekordvarmt i Sibir, der gradestokken steig til 37,9 grader i Jalturovosk.

(NPK)

Powered by Labrador CMS