Saudefaldene-direktøren til Statkraft
Svein Ilstad gir seg i Saudefaldene etter 15 år som direktør. Nå skal han styre drifta av ein meir enn tolv gonger så stor kraftproduksjon.
– Eg gir meg på ein arbeidsplass der eg har hatt 16 veldig fine år. Eg har trivst godt, og kjem til å sakne dei gode medarbeidarane her. No er det nye utfordringar og ein spennande ny jobb som står for tur, seier Svein Ilstad til Ryfylke.
Saudabu Svein Ilstad starta i Saudefaldene som vedlikehaldssjef, og tok over jobben som direktør eitt år seinare, ei stilling han har hatt dei siste 15 åra. I dei neste første åra som direktør, var han involvert i det omfattande Saudaprosjektet, som blei ferdigstilt i 2012. Den store kraftutbygginga gjorde Saudefaldene til ein aktør med mange kraftverk, større produksjon og store og utfordrande område med anlegg å vedlikehalde i fjell og dalføre rundt Sauda.
– Saudaprosjektet blei til av både ny utbygging og utbetring av gamle anlegg. Det var ei stor utviding, men det var også eit omfattande vedlikehaldsarbeid som følgte i åra etter Saudaprosjektet. Det har vore gjort mykje arbeid med blant anna demningar, kraftlinjer og kraftverk sidan den gong. Det har vore givande å vere med på dette arbeidet, seier Ilstad.
Han skildrar arbeidsplassen han har hatt dei siste 16 åra som ein liten og god organisasjon der medarbeidarar i stor grad jobbar tett innpå kvarandre. Han fortel at det er mange gode minner og historier å sjå tilbake på, og at det er ein god balanse mellom det sosiale og det faglege på arbeidsplassen.
– Spennande tid
Denne hausten skiftar Svein Ilstad jobb. Han går frå sjefsstolen i Saudefaldene til sjefsstolen eit lite steinkast unna, som regiondirektør i Statkraft. Han skal ha ansvar for region sør, som omfattar dei fire store kraftverkgruppene Ulla Førre, Hardanger, Tokke og Mår/Nore. Den samla kraftproduksjonen ved Statkraft region sør er 22 TWH, som er meir enn tolv gonger Saudefaldene sin samla produksjon.
– Jobben er på papiret ei oppskalering av mykje av dei oppgåvene eg kjenner til i min nåverande jobb. Det handlar om tryggleik og HMS, drift, vedlikehald, økonomi, miljø og ikkje minst planlegging av framtida. Det blir nytt og utfordrande, men eg kjenner meg trygg på at eg har ein del å tilføre i jobben, så dette gler eg meg til. Dette er ein viktig kraftregion, seier han.
Statkraft region sør har i dag i overkant av 200 tilsette, og har sine regionkontor i Sauda og Dalen.
Ilstad fortel at kraftbransjen er i ei svært spennande, men også utfordrande tid. Den pågåande energisituasjonen i Europa og verda, samt ein norsk energipolitikk som har alle auge retta mot seg gjer at det på ingen måte blir tid til å kvile på laurbæra i den nye jobben i Statkraft.
– Bransjen er nøydd til å gjere sin del. Vi må sikre oss at vi utfører den politikken Norge ønsker, at vi gjer det på ein trygg og riktig måte, samt at vi har dei dyktigaste folka på laget. Eg skal bidra så godt eg kan, seier Ilstad, som etter planen skal starte i sin nye jobb i løpet av hausten.