Forskar stiller spørsmål om bjøller på sau er dyreplageri. Illustrasjonsfoto.
Paul Kleiven / NTB / NPK
Sauebjøller med 100 desibel kan skade sauen
Støyen frå sauebjøller kan komme opp i 100 desibel og vere skadeleg for dyra, åtvarar ein forskar.
Lyden av sauebjøller som kling i fjellet er lyden av sommar for mange. For sauen kan det derimot vere dyreplageri, seier ein forskar til P4.
– Eg synest det er hyggeleg med den lyden sjølv, eg. Men eg ville jo ikkje hatt han rundt halsen og på meg 24 timar i døgnet når eg et, når eg kviler, når eg leikar med barna mine, seier seniorforskar Kristian Ellingsen-Dalskau ved Veterinærinstituttet.
Han er ein av få forskarar som har sett nærare på dette.
I Noreg blir over 2 millionar sauer og lam sleppt ut på beite kvar vår, og bjøllene og støyen er med mange av dei.
– Også godtek ein det fordi det har så lange tradisjonar. Og fordi det alltid har vore sånn. Men det betyr jo ikkje nødvendigvis at det alltid er rett, seier Ellingsen-Dalskau.
Dyr skal ikkje utsetjast for unødig støy. Ei forskrift seier også at varig støy over 65 desibel faktisk er forbode.
Ellingsen-Dalskau meiner at dette kan føre til høyrselsskadar for sauen. Samtidig meiner han det utset sauen for større fare, då sau med bjølle oftare blir teken av bjørn. Rovdyra høyrer rett og slett kvar sauen er, medan sauen midt i bjølleklangen ikkje klarer å høyre faren som nærmar seg.
(NPK)