Sjå kven som var på bryggedans i Vanvik
Det var topp stemning under dansen på kaien i Vanvik laurdag. Her kan du sjå bilde av nokon av dei som var til stades.
Nær 200 gjester hadde tatt imot innbydinga frå Fjordguten Undomslag og tok turen til kaien i Vanvik på dans laurdag kveld. Der sørga Imsland-bandet FYK for allsong, full fart på dansegolvet og god feststemning med både eige materiale og coverlåtar.
Gir samhald
Tidlegare på dagen hadde festivalgeneral Amund Fattnes fornøgd kunna konstatera eit knallgodt førehandssal og mange som skulle på dans i Vanvik for første gong.
− Festivalen i Vanvik er viktig for samhaldet i lokalsamfunnet. Rigging, arrangement og rydding skjer på dugnad, og overskotet finansierer fritidstilbod for barn og ungdom i grenda, opplyser han.
− Med tanke på skulen og det som skjer der, trur eg Vanvikfestivalen er viktigare enn nokon gong, meiner Fattnes.
Medan fiskefestivalen på dagtid er eit familiearrangement, er dansen om kvelden for dei vaksne.
− Men bryggedans, er ikkje det ei 80-talsgreie?
− For så vidt, men samtidig er dette eit arrangement der fleire generasjonar samlast og kosar seg i lag, og dei er det ikkje så mange av. Me ser òg at mange passar på å vera heime på ferie eller på hyttene i området denne helga, så folk set tydelegvis pris på litt liv og røre. Folk tar til å ringa alt i januar for å få greie på kva helg det blir denne sommaren, slik at dei kan få dette med seg, seier Amund Fattnes.