2018 var sist gong Trond Carsten Øye stilte ut bilder. Til helga byr han på kunstutstilling.
2018 var sist gong Trond Carsten Øye stilte ut bilder. Til helga byr han på kunstutstilling.

Skal halde si eiga kunstutstilling gjennom helga

Trond Carsten Øye skal halde ei to dagar lang kunstutstilling. Det er første gong han stiller ut sidan 2018.

Publisert Sist oppdatert

Saudabuen Trond Carsten Øye er ein ivrig hobbykunstnar. Til helga innreier han Nyesalen i Folkets Hus og byr på kunstgalleri.

– Eg vil stille ut rundt 30 verk. Det er både måleri og teikningar, store og små, opplyser han.

Øye har vore hobbykunstnar i mange år, men har ikkje prioritert utstillingar. 2018 var sist gong han deltok i ei utstilling, der fleire hobbykunstarar heldt felles utstilling i Folkets Hus.

– Eg har tenkt på det i mange år at eg skulle lage til ei utstilling. Verka eg skal stille ut i helga er produsert i løpet av dei siste ti åra. Fleire av desse har aldri vore stilt ut før. Det blir ei salsutstilling, men nokre av verka har eg lånt tilbake for helga. Dei er ikkje til sals, seier Øye, og legg til at han har tatt på seg fleire private oppdrag dei siste åra, der han måler på bestilling.

Dette er eit av dei rundt 30 verka Trond Carsten Øye vil stille ut til helga.

Ifølge Øye er nokre av måleria han skal stille ut ikkje heilt ferdig ennå.

– Eg stiller dei ut for å vise litt av prosessen, seier han.

Han opplyser at stilen hans er klassisk figurativ, og at han ikkje driv med abstrakt kunst. Sommaren 2017 budde han hos Odd Nerdrum, for å lære av den kjente kunstnaren.

– Nokre av måleria eg stiller ut er portrett, eller av landskap som nok mange vil kjenne igjen. Men det blir også andre typer bilder, seier Øye.

Kunstutstillinga opnar laurdag og vil vere tilgjengeleg for publikum gjennom heile helga.

– Eg vil vere til stades under mesteparten av utstillinga. Det er bare hyggeleg viss folk kjem og vil slå av ein prat om utstillinga, seier Trond Carsten Øye.

Powered by Labrador CMS