Det ser ut til at straumprisane skal halde seg låge endå ei tid framover.
Det ser ut til at straumprisane skal halde seg låge endå ei tid framover.

Spår låge straumprisar fram til oktober

Publisert Sist oppdatert

Analytikarar spår låge straumprisar fram til oktober. Ei årsak er at Noreg har langt meir vatn lagra enn på same tida i 2022, då straumprisane var rekordhøge.

Den siste veka har straumen kosta mellom 30 og 40 øre per kilowattime i snitt i heile landet. Tilsvarande veke for to år sidan var prisen opptil 308 øre per kilowattime. Då var fyllingsgraden i det sørlege Noreg på 55,1 prosent, medan vi no har ein fyllingsgrad på 78,4 prosent, melder NRK.

Regionsjef Svein Ilstad i Statkraft Sør seier at magasinsituasjonen akkurat no er normal.

– At det er normale mengder vatn i norske vassmagasin er eit godt teikn med tanke på å få ein meir normalisert straumpris. Det er for tidleg å seie korleis prisane blir til vinteren, men det er eit godt teikn slik det er no, seier han til NRK.

Olav Botnen er senioranalytikar i Volt Power Analytics. Han trur at i Sør-Noreg og på Vestlandet vil prisane halde seg på 40 til 50 øre per kilowattime til oktober. Han trur på prisar på rundt 80 øre kilowattimen til vinteren. I Midt-Noreg og Nord-Noreg blir prisane endå lågare, han trur ein stad mellom 40 og 50 øre per kilowattime.

Samstundes seier statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Energidepartementet at det ikkje blir endringar i straumstøtteordninga korkje i år eller neste år. Ho minner likevel om at støtta er mellombels.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS