Sps Elin Brekke søker fritak
Meddommar og kommunestyre-vara Elin Brekke (25) flyttar til Karmøy.
– Eg har fått jobb som kart- og oppmålingsingeniør hos Karmøy kommune, fortel Elin Brekke.
25-åringen er per i dag vararepresentant i Sauda kommunestyre. I tillegg er ho meddommar i både tingretten og i jordskifteretten. Ho søker nå om fritak frå alle desse verva.
Sidan 2020 har ho vore tilsett hos Geomatikk AS som feltteknikkar, der ein blant anna har ansvaret for heile Haugalandet, delar av Sunnhordland og Ryfylke.
– Då har det vore mest naturleg å bu i Haugesund-området for å vera så nær midten» om muleg, sjølv om eg i teorien har kunna budd kor som helst. Me har ikkje kontor i vårt område, så eg mønstrar heimefrå. Årsaka til at eg ønsker å melda fritak er at eg nå, i min nye jobb, skal møta på ein plass, rådhuset i Koparvik, kvar dag – og at me har kjøpt leilegheit på Karmøy, fortel Brekke.
Elin Brekke er dotter til Sps kommunestyrerepresentant Andreas Brekke, og barnebarn til tidlegare Sp-ordførar Anne Marie Brekke.