Kor mange kyllingar som faktisk veks opp blir i veldig stor grad avgjort av predasjon frå rev og anna smårovvilt. I år har det vore lite mus og lemen i Sør-Norge, noko som har auka presset på rypekyllingane.
Kor mange kyllingar som faktisk veks opp blir i veldig stor grad avgjort av predasjon frå rev og anna smårovvilt. I år har det vore lite mus og lemen i Sør-Norge, noko som har auka presset på rypekyllingane.

Statskog stenger rypejakta i Sør-Norge på grunn av svak rypebestand

Statskogs teljingar viser positive teikn i nord, men frå Trøndelag og sørover er utviklinga i bestanden så svak at statsføretaket stenger område for rypejakt.

Publisert Sist oppdatert

Før kvar jaktsesong analyserer Statskog utviklinga i fangst og bestand av rype og skogsfugl. Kvart enkelt område blir analysert for å avgjere kor mykje det kan jaktast innanfor ramma av berekraftig forvaltning.

Tala frå områda i Trøndelag og sørover er dårlege nyheiter for titusenvis av norske rypejegerar.

– Med eit par små unntak, er det i år berre frå Nordland og nordover som etter analysane våre har eit haustbart rypeoverskot, seier fagsjef Jo Inge Breisjøberget i Statskog.

Blir pressa av smårovvilt

Rypa legg mange egg. Nokre gonger veks mange opp, andre gonger døyr dei fleste kyllingane. Dette gir store svingingar i bestanden, ifølgje Statskog

Kor mange kyllingar som faktisk veks opp, blir i veldig stor grad avgjort av predasjon frå rev og anna smårovvilt. I år har det vore lite mus og lemen i Sør-Norge, noko som har auka presset på rypekyllingane.

– Dei åra rypa blir hardt pressa av smårovvilt, må vi avgrense uttaket som skjer i jakta. Det finst ei lang rekkje tilleggsforklaringar, men predasjon forklarer desidert mest, seier Breisjøberget.

Svakt i 2019

Sist gong det var tilsvarande svak rypeutvikling var i 2019. Året etter var det eit sterkt oppsving, før rypetala har vore meir stabile dei to siste åra.

– At det igjen skulle komme ein nedgang, er som forventa. Det er eit resultat av naturlege syklusar i naturen, og sånn sett ikkje alarmerande så lenge vi held igjen på jakttrykket i svake år, seier Breisjøberget.

Områda frå Nordland og nordover ser ut til å vere på eit litt anna stadium av svingingane. Her er det langt betre teljingar enn lenger sør.

– I mange år har det til dømes vore svært dårlege rypetal på Senja og i Indre Troms, noko som ofte har ført til stenging. I år ser vi ei svært positiv styrking i bestanden, og vi kan tillate jakt innanfor ei berekraftig ramme, seier Breisjøberget.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS