For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

– Eg har vore lokalpolitikar og veit kor viktig samferdsel er for eit lokalsamfunn, seier statssekretær Tom Kalsås (Ap), ved Samferdselsdepartementet.
– Eg har vore lokalpolitikar og veit kor viktig samferdsel er for eit lokalsamfunn, seier statssekretær Tom Kalsås (Ap), ved Samferdselsdepartementet.

– Stort etterslep på vedlikehald av det norske vegnettet

Publisert Sist oppdatert

– Det siste samferdselsbudsjettet til Kjell Magne Bondevik si andre regjering var på om lag 20 milliardar kroner, medan det siste til Jens Stoltenberg var på om lag 40 milliardar. Den same doblinga var det under regjeringane til Erna Solberg, samtidig som det har vore ei brei politisk semje om at det var fornuftig, seier Tom Kalsås (Ap) til Nynorsk pressekontor.

Etter fleire år med mange pengar til store vegprosjekt har fleire samferdselsprosjekt med utbygging av nye bruer, tunnelar og vegar no blitt nedjusterte eller kutta i statsbudsjettet.

Utsette prioriteringsprosjekt

Kutta i samferdselsbudsjettet førte blant anna til at dei fire vegprosjekta Vegvesenet prioriterte høgast for byggjestart i 2023 blei utsette.

Desse var:

* E134 Oslofjordsambandet (Viken)

* E134 Røldal–Seljestad (Vestland)

* E6 Megården–Mørsvikbotn (Nordland)

* E16 Hylland–Slæen (Vestland)

I budsjettforhandlingar blei det derimot semje mellom Ap, Sp og SV om å gi Stad skipstunnel 76 millionar kroner i oppstartsmiddel i statsbudsjettet. Også K5, eit fellesprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane Nor som skal sikre ny europaveg og dobbeltspor for jernbanen mellom Arna i Bergen og Stanghelle i Vaksdal, fekk 200 millionar kroner til å halde oppe utbygginga i 2023.

Tom Kalsås (Ap) blei statssekretær i Samferdselsdepartementet 4. november 2022, med ansvar for trafikktryggleik og byvekstavtale. Fem dagar seinare var han i Jølster i Sunnfjord kommune og opna den nye Kjøsnestunnelen.

– Det viktigaste er god framkjømd i vegnettet, at ein kjem seg fram effektivt og trygt. Trass i at fleire store prosjekt har blitt utsette brukar vi framleis mykje pengar på drift og vedlikehald i årets budsjett, understrekar han.

Høgare budsjett enn i 2021

Samferdselsbudsjettet er no på nesten 83 milliardar kroner. Trass i grepa er dette meir enn i statsbudsjettet i 2021. Det er likevel ikkje i tråd med auken budsjettet skulle hatt i Nasjonal Transportplan (NTP).

Transportplanen som blei vedteken i 2021 og gjeld for 2022-2033, la opp til ein årleg auke på 2 milliardar kroner. I dagens situasjon er det urealistisk, seier Kalsås. Krig, energikrise og høg prisvekst har vore grunnane til at det ikkje vart mogleg.

I staden har vedlikehald av eksisterande infrastruktur blitt prioritert høgare. Kalsås meiner viktigheita av god infrastruktur har vore underkommunisert.

Etterslep på trygging av vegar

– Vedlikehaldsposten på samferdselsbudsjettet har auka med 1 milliard i 2023. Vi har eit stort etterslep på vedlikehaldet på vegnettet vårt og dette ønskjer vi å gjere meir med. Vi er avhengige av å ha god infrastruktur for at folk skal kunne bu og arbeide i heile landet.

Samferdselsdepartementet har òg valt å framskunde ny NTP eitt år, frå 2025 til 2024.

– NTP skal vere realistisk. Det er ikkje vits i å ha ein plan som det ikkje er mogleg å halde seg til, seier Kalsås.

Lokalt press

– Fire store vegprosjekt blei utsette. Dei vil vi kome tilbake til i 2024 og sjå på i lys av den økonomiske situasjon som er då.

Kalsås seier departementet opplever press frå heile landet for at dei skal få akkurat sine vegprosjekt realiserte. Han har sjølv bakgrunn frå lokalpolitikken. Sidan 2011 har han vore kommunestyrerepresentant i Gjesdal kommune og sidan 2019 fylkestingsrepresentant i Rogaland. Han kjenner seg difor igjen når lokalfolk kjempar for at deira lokale samferdselssaker skal få gjennomslag.

– Eg har vore lokalpolitikar og veit kor viktig samferdsel er for eit lokalsamfunn. Vi ønskjer alle engasjementa velkomne og så er jobben vår å prioritere, som vil gjere nokre nøgde og andre skuffa, seier statssekretær Tom Kalsås.

(NPK)

Powered by Labrador CMS